home-web-B123.jpg
repertoire.jpg
musikerne.jpg
Mozart4.jpg
tickets.jpg
kontakt.jpg
_MG_7677.jpg
home-web-B123.jpg

OM


 

Beethoven PÅ 123

16.–18. NOVEMBER 2018

 

Ein festival arrangert av

engegårdkvartetten

og

nynorskens hus

 

 

 

VI BYR PÅ TRE DAGAR MED DET BESTE VI VEIT: Ludvig van Beethoven. INTERNASJONALT ANERKJENTE KLASSISKE MUSIKARAR MØTER FOLKEMUSIKARAR, DANSARAR, AKADEMIKARAR OG STUDENTAR I EIN FESTIVAL SOM OMFAMNAR SCENE, TEKST, SAMTALE, DANS OG SJØLVSAGT MUSIKK.

 

FESTIVALENS HEIM: NYNORSKENS HUS, OSLO.

 

Billettar blir lagt ut for sal sommaren 2018

kjøp billettar her

 

 

 

 

 

 

 

SCROLL DOWN

OM


 

Beethoven PÅ 123

16.–18. NOVEMBER 2018

 

Ein festival arrangert av

engegårdkvartetten

og

nynorskens hus

 

 

 

VI BYR PÅ TRE DAGAR MED DET BESTE VI VEIT: Ludvig van Beethoven. INTERNASJONALT ANERKJENTE KLASSISKE MUSIKARAR MØTER FOLKEMUSIKARAR, DANSARAR, AKADEMIKARAR OG STUDENTAR I EIN FESTIVAL SOM OMFAMNAR SCENE, TEKST, SAMTALE, DANS OG SJØLVSAGT MUSIKK.

 

FESTIVALENS HEIM: NYNORSKENS HUS, OSLO.

 

Billettar blir lagt ut for sal sommaren 2018

kjøp billettar her

 

 

 

 

 

 

 

repertoire.jpg

PROGRAM


PROGRAM

PROGRAM


PROGRAM

HEILE FESTIVALEN ER PÅ NYNORSKENS HUS.

FREDAG 16. NOVEMBER 2018

19.00–21.00 Beethoven 1

Detaljar kjem.


LAURDAG 17. NOVEMBER 2018

12.00–13.15 LAURDAGS-KAFÉKONSERT

Detaljar kjem.

15.00–16.30 Beethoven 2

Detaljar kjem.

19.00–21.30 Beethoven – "Ode til glede"

Detaljar kjem.

 

SØNDAG 18. NOVEMBER 2018

12.00–13.15 SØNDAGS-KAFÉKONSERT

Detaljar kjem.

 

15.00–16.30 Beethoven og Erkehertugen

Detaljar kjem.
 

19.00–21.00 Beethoven 3

Detaljar kjem.

 

FÅ MED DEG HEILE HELGA MED FESTIVALPASS – TILGJENGELEG SNART

musikerne.jpg

MUSIKERNE


MUSIKARAr og iscenesetjarar

MUSIKERNE


MUSIKARAr og iscenesetjarar

Engegårdkvartetten

Engegårdkvartetten såg dagens lys under midnattssola i Lofoten i 2006. Raskt blei dette kammermusikk-ensemblet eitt av dei mest ettertrakta i Noreg. Kvartetten er kjent internasjonalt for sine mange modige og frisketolkingar av det klassiske repertoaret. Samtidig legg dei vekt på å markere sitt skandinaviske opphav. Engegårdkvartettens debut- CD blei utgitt i 2008. Plata blei hylla som Noregs beste klassiske utgjeving i følge Kjell Hillveg. For denne plata fekk Engegårdkvartetten også strålande internasjonale meldingar, mellom anna «The playing is breathtaking» i «The Strad», og «First rate quartet playing» i «International Record Review».

Deira andre utgjeving blei tildelt «Supersonic Award» av musikkmagasinet «Pizzicato». I januar 2016 blei deira seinaste CD sloppe med suksess. Denne plata inneheld verk av nordiske meistrar som Grieg, Sibelius og Olav Anton Thommessen. Utgjevinga haustar velfortent anerkjenning: «Her har vi truleg fått den tolkninga som Grieg-elskarar har venta på», seier den engelske nestoren Tully Potter i International Music Web».

Engegårdkvartetten er aktive med si konsertverksemd i Norden og i utlandet. Europas finaste konsertlokale er gjesta, som Mozarteum i Salzburg, og Rudolfinum i Praha. Viktige festivalar har også fått oppleve deira speleglede som på SoNoRo Festivalen i Bukarest, St. Magnus International Festival i Orkney, samt i Tsjekkia, Sveits, Tyskland og Sør- Amerika. Mellom anna har Engegårdkvartetten vore så heldige å få spele med Leif Ove Andsnes, Christian Ihle Hadland, Emma Johnson og András Schiff. Kvartetten trivest også i selskapet med folkemusikaren Nils Økland og skodespelaren Bjørn Sundquist. Våren 2017 hadde dei eit fargerikt samarbeid med jazz-fiolinisten Ola Kvernberg.

Engegårdkvartetten blir støtta av Norsk Kulturråd.

NYNORSKENS HUS

Bondeungdomslaget i Oslo er ein frivillig organisasjon med ca. 800 medlemer, ein kulturutviklar og -berar og institusjonsbyggar, som driv kultur og idrettslag, eig Bøndenes Hus AS og Rosenkrantzgate 8, Den mangfaldige scenen AS (med Noregs Ungdomslag og Det Norske Teatret) og er største aksjonær i Det Norske Teatret. BUL har ein profesjonell drevet administrasjon og hovudsatsinga til BUL (frå 2013) er bygging av Nynorskens hus til ein profesjonelt drifta og skapande kunst- og kulturarena. Festivalane På 123 er ein samproduksjon med Engegårdkvartetten og ein bærebjelke i utviklinga av Nynorskens hus.

BUL har 115 års erfaring som arrangør, kulturberar, kulturutviklar og står bak bygging og  av fleire store institusjonar: Det Norske Teatret, bunadstradisjonen, folkedans, kvinnefotball og idrett for psykisk utviklingshemmede. Huset BUL eig ligg midt i Oslo sentrum. Frå 2008 har BUL bygga opp arenaer der folk i Oslo i med ulik bakgrunn og alder kan uttrykke seg, undersøkje, oppleve og utvikle kunst- og kultur og bygge nye fellesskap Den mangfaldige scenen etablert i 2008, på statsbudsjettet frå 2011 og har framsyningar/kurs i heile Noreg og Norden. Nynorskens hus opnar i 2014 med urpremiere av Hav av Jon Fosse, nynorskrap frå Tøyen, song, bangla og halling og Arve Tellefsen, Amund Sveen Sjølie med sin Rikskonsert og Engegårdkvartetten med Mozart konstaterte at huset er eit unikt rom for kammermusikk. Ultimafestivalen, KRANTZ, Ensemble Allegria, Slagr, Engegårdkvartetten, Georg Reiss, Oslo kammermusikkfestival, Risør kammermusikkfestival, Det Norske Jentekor og fleire pianistar og musikkpedagogar har inntatt huset der Songlaget i BUL og folkemusikken allereie hadde sin heim. Nye produksjonar innan scenekunst, folkekultur og for og med barn og unge, der tradisjonell, klassisk og samtidsmusikk utgjer ein vesentlig del, har blitt og blir utvikla.

Arrangørane har høg kompetanse som formidlar av musikk til og med barn og unge som grunnleggarar av Nordberg strykeorkester (100 medlemer) og Den mangfaldige scenen (150 utøvarar) og får framsærlege talent og auteniske uttrykk. Gjennom På 123  vil desse unge og deira miljø få innsikt i og oppleve profesjonell klassisk musikk av høg kvalitet, både som utøvarar og som publikum.

Tor Espen Aspaas – Piano

Tor Espen Aspaas (fødd 1971 på Røros) er ein av dei mest profilerte pianistane og musikkformidlarane i sin generasjon av norske musikarar. Hausten 2016 blei han utnemnt til Riddar 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for sin innsats for musikk- og kulturformidling.

Aspaas studerte ved Norges musikkhøgskole og fekk i 1996 sitt solistdiplom før han debuterte i Oslo året etter med strålande kritikkar. I 2006 blei han professor ved Norges musikkhøgskole der han ved sida av undervisning og vegleiing har eit forskingsprosjekt på rolla til improvisasjon i Beethovens kreative prosesser og verk, sjå www.nmh.no.

Han er tildelt ei rekkje prisar og utmerkingar (mellom andre De Unges Lindemanpris, Levinprisen og Nils Larsens legat) og han har vore solist med fleire internasjonale symfoniorkester i tillegg til alle norske etter den kritikarjubla debuten med Oslo-Filharmonien i 2000. Blant dirigentane Aspaas har samarbeida med som solist, finst namn som Frans Brüggen, Vassilij Sinajskij, Michel Plasson, Stefan Karpe, Krzysztof Urbanski, Christian Eggen, Bjarte Engeset, Peter Szilvay, Rolf Gupta og Arvid Engegård.

Aspaas har nyleg opptredd på Den norske opera og Carnegie Hall, New York. Han har eit titals CD-utgivingar bak seg, blant desse internasjonalt kritikarroste solo-CD-ar med verk av Beethoven, Schönberg, Berg og Webern og den franske komponisten Paul Dukas’ samla klaververker. Han var ein av initiativtakarane og fyrste kunstnarisk leiar for Vinterfestspill i Bergstaden på Røros 1999–2008, sjå www.vinterfestpill.no.

Silke avenhaus – piano

Silke har forbløffa både publikum og kritikarar i årevis med sin kunstnariske, gripande tolkingar og måte å tolke musikk på. Avenhaus sine nyaste opptak kombinerer verk av Wagner, Liszt og Rossini i ein " Salon Chromatique et Harmonique", og plasserer dei slik i overraskande samanhengar. Hennar gledelege og kreative tilnærming til piano- og kammermusikklitteraturen har ført til ei rekkje utmerkingar, inkludert Diapason d'Or, Supraphon-prisen og nominasjon til ein Grammy-pris. Silke har allereie produsert meir enn 30 CD-ar for EMI, ECM, Koch, Tudor, cpo, Berlin Classics, AVI og Harmonia Mundi. Silke Avenhaus er ein vanleg gjest i kjente konsertseriar og festivalar i Europa, USA og Søraust-Asia, og utfører jamleg i verdas mest kjente kammermusikkstader, mellom anna Wigmore Hall, Concertgebouw Amsterdam, Wiener Konzerthaus og Carnegie Recital Hall New York . Ho har opptredd på Marlboro Music Festival, Berliner Festwochen, Salzburg Festival, Lucerne Festival, Schleswig-Holstein Music Festival og mange andre. Silke Avenhaus opptrer jamleg med kunstnarar som Marie Luise Neuenecker, Christoph Poppen, Jörg Widmann, Thomas Zehetmair, Tabea Zimmermann og Sabine Meyer i Ensemble Collage. Ho har eit spesielt nært musikalsk partnarskap med Quirine Viersen og Antje Weithaas, som ho har spelt inn fleire CD-ar med. Silke Avenhaus er professor ved Hochschule für Musik i München og er ein vanlig lektor på Villa Musica. Silke Avenhaus er med medstiftar av serien " sounds and science", som går på Konzerthaus Wien. I tillegg er ho involvert i "Artists for a better future", ei kunstnarisk gruppe som fremjar sosiale prosjekter over heile verda.

Marianne Thorsen - Fiolin

Marianne Thorsen (født 1972 i Trondheim) er ein norsk fiolinist. Ho har budd 20 år i London, men flytta tilbake til Trondheim då ho blei tilsett som professor ved Institutt for musikk (NTNU).

Gjennom oppveksten hadde Marianne Bjarne Fiskum som lærer. Ho studerte ved Royal Academy of Music (RAM), London, 1987–94. Hun gjekk ut frå RAM med utmerking, har vore solist med ei lang rekkje europeiske orkester og har fått ein fiolinkonsert tileigna seg av Ketil Hvoslef. Ho vann fyrstepris i Sparre Olsen-konkurransen 1984, Ungdommens Strykermesterskap 1986, fekk «Outstanding Merit Prize» ved Carl Flesch International Violin Competition i London, 1992 og Emily English Award i 1995. Av Rikskonsertene blei ho kåra til Årets Unge Solist 1998 og vann «Concours International de Violon de Sion-Valais» i 2003. Ho blei tildelt Spellemansprisen i 2007 for årets best klassiske plate.

I tillegg til å vere professor ved NTNU, er ho leiar av Leopold String Trio, leiande fiolinist i Nash Ensemble of London og underviser ved Royal Academy of Music. Marianne speler på ein Pressenda, bygga i Torino i 1841.

Georgy Tchaidze – Piano

The Telegraph skriv at Georgy Tchaidze har «fine sensibility and perfectly honed technique» i deira melding om Tchaidze sin Wigmore Hall-debut.

Sidan Tchaidze fekk fyrstepremie på Honens International Piano Competition i 2009 har han opptredd mange stader i Europa, Nord-Amerika og Asia, med stor suksess, mellom anna i Berlins Konzerthaus, Glenn Gould Studio i Toronto, Het Concertgebouw i Amsterdam, Det nasjonale senter for dei utøvande kunstar i Beijing og Zankel Hall på Carnegie Hall i New York. I tillegg har han opptredd på festivalar, inkludert Canadas Toronto Summer Music, Ottawa International Chamber Music, Kissinger Sommar i Tyskland, Young Euro Classic, Verbier i Sveits, Septembre Musicale, Lofoten Piano Festival, Festspillene i Nord-Norge og Piano aux Jacobins i Frankrike.

Sommaren 2015 blei Georgy Tchaidze tildelt 1. premie på «Top of the World» International Piano Competition i Tromsø og blei deretter bedd om å erstatte Sir Andras Schiff på Lofoten Internasjonale Kammermusikkfestival. Tchaidze sitt rykte for å vere ein sensitiv, samarbeidsdyktig pianist blomstrar. Han reiser regelmessig på turné med Canadas Cecilia String Quartet og opptredde med den respekterte Borodin Quartet i 2013.

Tchaidze har gjort tre opptak med Honens: eit live-opptak med Cecilia String Quartet, eit all-Schubert-album og ei plate med verk av Medtner, Mussorgsky og Prokofiev. Tchaidze bur og studerer i Berlin.

Øystein Sonstad – Cello

Øystein Sonstad (fødd 1970 i Stjørdal) er ein norsk cellist, kjent som solist med dei leiande orkestera i Noreg.

I heimtraktene gjekk han i lære hos Harald Raaen og ved Kåre Opdals Lørdagsskole. Sonstad var i denne tida med i Nidaros Strykekvartett, De Unges Kammerorkester og Trøndersolistene.

Han tok hovudfag under Aage Kvalbeinved ved Norges musikkhøgskole (der han mellom andre møtte Mstislav Rostropovitsj) og studerte vidare ved Royal Northern College of Music i Manchester under Emma Ferrand. Sonstad har vore medlem i Oslo Strykekvartett frå starten av (1991) og har bidrege til deira plateutgiving og den årlege G-kraft-festivalen. I perioden 1997–2003 var han tilsett som solist i Kringkastingsorkestret. Sonstad er medlem i Det Norske Kammerorkester og Risør Festival Strings (del av Risør Kammermusikkfestival). Han er også arrangør og komponist. Mellom anna har han komponert musikken til Cumulusteatret’s Kærlighed og dæmoner (2003) og Skyggen (2005).

Thorbjørn Gulbrandsøy – Tenor

Den norske tenoren Thorbjørn Gulbrandsøy starta den profesjonelle karrieren sin som baryton og har mellom anna sunge ved Den Norske Opera, Glyndebourne Festival Opera, Opera Nord, Grand Teatro del Liceu, med Oslo-Filharmonien og Bergen Filharmoniske Orkester.

I 2008 song Guldbrandsøy Pelléas i Independent Opera sin produksjon av Pelléas et Mélisande på Sadlers Wells Theatre i London. I sesongen 2011/12 song Thorbjørn sin fyrste Rodolfo i La bohème, og tenor-partiet i Haydns Skapelsen. I 2012 debuterte han med rolla Anatol i Barbers Vanessa.

Nyleg har han sunge ved to opera-galla-konserter i Bergen, under leiing av Andrew Litton. Han har sunge rolla som Juan i Massenets Don Quichotte med Chelsea Opera Group, gjort Rodolfo i La bohème med Nationale Reisopera i Holland, Jacqunio i Fidelio med Bergen Nasjonale Opera og sunge fyrstetenor i Martins Le Vin Herbe ved Deutsche Staatsoper Berlin.

Guldbrandsøy har utvikla eit nært forhold til den Nationale Reisopera og gjer ein eller to produksjonar med dei per sesong. Han er engasjert til å synge Romeo i Gounods Romeo og Julie i Malmö Operas produksjon, som skal på turné med Riksteatern i Sverige våren 2015.

Thorbjørn jobba på Den Norske Opera i Oslo 2015–2017 der han har hatt fleire leiande roller med stor suksess. Med Oslo-Filharmonien har han nylig sunge Mozarts Requiem, Lili Boulanger's Faust et Hélène og Brecht's / Weill's Die sieben Totsünden. Thorbjørn er ein lidenskapeleg Lieder-songar og samen med pianisten John Lidal har han framført Dichterliebe av Schumann på konsertar, nyleg på Den Norske Opera.

Øyvind Bjorå – fiolin

Øyvind Bjorå (fødd 1974) er ein allsidig fiolinist som har gjort seg spesielt merka med sine evner som orkesterleiar. Sidan 2005 er han tilsett som 1. konsertmeister i Den Norske Operas orkester, etter å ha vore fast konsertmester i Trondheim Symfoniorkester og i Bergen Filharmoniske Orkester. Som konsertmeister har han også blitt internasjonalt anerkjent og vore engasjert i Philharmonia Orchestra i London, Danmarks Radios Symfoniorkester, Oslo Filharmoniske Orkester, NDR Radiophilharmonie, Orquestra Simfònica de Barcelona, Orquesta Filarmónica de Gran Canaria, Real Orquesta Sinfónica de Sevilla og Orquestra Gulbenkian i Lisboa. Etter ein konsert i Carnegie Hall der han dirigerte Bartoks Divertimento for strykeorkestermed Risør Festival Strings, skreiv The New York Times: «I cannot recall a more persuasive account, conducted or otherwise».

Øyvind Bjorå har vore solist og spelande leiar for fleire ensemble, Det Norske Kammerorkester, Kristiansand og Tromsø Kammerorkester og han har samarbeida nært med TrondheimSolistene og Oslo Camerata. Han studerte mellom andre med Stephan Barratt-Due og Lars Anders Tomter, og i San Francisco med Camilla Wicks. Etter avslutta dirigentstudium med professor Ole Kristian Ruud på Norges Musikkhøgskole i 2011, har han hatt ein stigande karriere som dirigent. Han har dirigert Oslo Filharmoniske Orkester, symfoniorkestera i Trondheim, Kristiansand og Stavanger, Nordnorsk Opera og Symfoniorkester, Det Norske Kammerorkester, i tillegg til Forsvarets Stabsmusikkorps og Luftforsvarets Musikkorps.

I desember 2015 debuterte Bjorå som dirigent i Den Norske Opera med tre framsyningar av Mozart Tryllefløyten, og då denne operaen blei sett opp igjen i september 2017, dirigerte han fem framsyningar.

Som kammermusikar har Bjorå halde konsertar i Wigmore og Carnegie Hall, og deltatt på dei store kammermusikkfestivalane i Noreg. Han har samarbeida med Sveinung Bjelland, Leif Ove Andsnes, Saleem Abboud Ashkar, Marc-André Hamelin, Martin Fröst og Torleif Thedéen.

Øyvind Bjorå var frå 2014 til 2016 fyrstedirigent og kunstnarisk leiar for NOSO Sinfonietta i Bodø, eit av ensembla i Nordnorsk Opera og Symfoniorkester.

Han speler på ein fiolin laga av Matteo Goffriller i Venezia i 1721, utlånt av Sparebankstiftelsen / Dextra Musica.

Vegar Vårdal – folkemusikar og dansar

Vegar er ein folkemusikar og dansar buset i Vågå. Han spelar både vanleg fele og hardingfele, og har i tillegg dansen som leveveg. Han er i A-klassen i begge kunstformer. Utdanninga er frå Norges musikkhøgskole og folkedansestudium frå NTNU. Vegar er ein energisk og allsidig musikar og verkar innanfor eit breitt spekter. I år fekk han Statens Kunstnarstipend og skal jobbe med å utvikle folkemusikken for eit nytt publikum. Til landskappleiken 2016 skreiv han eit bestillingsverk, «Ikkje ver blug – Kyss meg», der han inkluderte amatørar og profesjonelle, dans og musikk.

Vegar spelar i mange ulike konstellasjonar og sjangrar. I 2015 var han ein del av Noregs bidrag til Veneziabiennalen i Camille Norment Trio, og deira bidrag Rapture. Denne konstellasjonen hadde på Festspillene i Bergen eit nytt prosjekt, Lull, og har fått fleire engasjement vidare. Han spelar også i gruppa Barokk Boreal som dykkar ned i gamle manuskript frå Nasjonalbiblioteket og jobbar med framføringspraksis innanfor barokkmusikk og folkemusikk med dansen som rettesnor.

Våren 2017 jobba Vegar med Indra Lorentzen for å sette opp ein ny soloframsyning basert på dei ulike folkemusikkdialektene i Noreg. I tillegg til dette har han deltatt på den siste plata til Ole Paus, «Østfolk», ei plate som tar for seg folkemusikken i Østfold. Vegar er kurator for danse- og barnescenen på Riksscenen i Oslo. Han har også laga koreografiar til Stjernekamp. Vegar er ein mykje brukt pedagog og underviser på Norges musikkhøgskole, landslinja for folkemusikk på Vinstra, Griegakademiet  og Ole Bull-Akademiet.

Erlend Samnøen

Erlend Samnøen er utdanna dansar ved Statens Balletthøgskole. Han er frilans regissør, koreograf og utøvar. Som regissør har han mellom anna laga framsyningane «Den Uendelige Historie» (Hålogaland Teater), «Bør Børson Jr.» og «Petra von Kants bitre tårer» (Trøndelag Teater), «Stormen» (Haugesund Teater) og «Dracula» (Brageteatret). Som koreograf har han mellom anna jobba ved Det Norske Teatret («Verdas mest forelska par»), Nationaltheatret («Minus 2» og «Et spansk stykke») og Trøndelag Teater («Spring Awakening», «Et Dukkehjem» og «Den siste viking»). Erlend bur i Oslo, men vaks opp i Sandefjord. Erlend driv saman med Morten Espeland teaterkompaniet YMIST, som tidlegare har produsert framsyninga EDDA/Voluspå og Draumkvedet. Erlend er instruktør ved Den mangfaldige scenen sidan 2017 og hadde mellom anna regi på framsyningane Preudium og Fanitullen på Mozart på 123 og Fuglar under Olavsfestdagene i 2017. Erlend har mottatt arbeidsstipend frå Statens Kunstnarstipend i 2007 og 2016.

 Jeaninne M. Lukusa

Jeaninne Masika Lukusa er poet, munnleg forteljar og tidlegare Oslomeister i Slam Poesi, med framsyningar av eigenkomponert poesi i Oslo, Trondheim, Bergen og Tromsø. Som scenekunstutviklar og kompositør er ho støtta av Talent Norge, gjennom Tekstlab Inkubator, der ho forskar på poesi og «spoken word» i eit breiare og tverrfagleg performansuttrykk. Ho er aktuell med forteljarframsyninga «Lonely are the Brave», ei forteljing om det å elske på flytande gebrokkent norsk. Jeaninne vore utøvar i Den mangfaldige scenen sidan 2017 og framførte Fanitullen under Mozart på 123.

Edwin Alberto Cabascango Cachiguango

Edwin Alberto Cabascango Cachiguango er utdanna klassisk dansar og pedagog frå Kunsthøgskolen i Oslo. Han har vore engasjert som danseinstruktør i DMS sidan 2017. Edwin har bakgrunn frå Ecuador og er Native American.

Shwan Wahed

Shwan Wahed er musikar, kunstnar og pedagog. Han har i fleire år jobba med kulturtilbod på transitt- og asylmottak. Shwan vaks opp i Irak og bur no i Oslo. Han har vore instruktør i Den mangfaldige scenen sidan 2017.

NORDBERG Strykeorkester

Nordberg Strykeorkester er eit nyetablert strykeorkester med individuell undervisning på Tåsen, Kringsjå og Korsvoll skoler på fiolin, bratsj, cello og bass. Dei har no ca. 90 medlemmer. Alderen på medlemmane er mellom 5 og 17 år. Lærarar og dirigentar er mellom landets mest profilerte musikarar og har også tilknyting til bydelen (t.d. Juliet Jopling, Øyvind Bjorå, Arvid Engegård, Mari Lerseth, Maren Nygård, Audun Hareide, Vivian Sunnarvik, Johanna Becker og Tiril Bengtsson). Det er drive av eit frivillig styre. Det er orkesterøvingar kvar veke for Juniororkesteret, Barneorkesteret og Ungdomsorkesteret, med konsertar ca. seks gonger i året. Orkesteret har kammermusikkseminar kvart semester for dei mest interesserte barna. Orkesteret er ein viktig del av livet på Nordberg, med regelmessige konsertar i Nordberg kyrkje og på dei tre skulane Tåsen, Kringsjå og Korsvoll.

DEN MANGFALDIGE SCENEN

Den mangfaldige scenen (DMS) er eit barne- og ungdomsteater der årleg 150 unge mellom 6 og 28 år får uttrykke seg, lære og skape teater. Teateret tar utgangspunkt i den store og varierte kulturelle rikdommen som unge har med seg, og gir kvar enkelt høve til å ta i bruk og utvikle sine skapande evner i samarbeid med kunstnarar. Vi får fram nye uttrykk i møte mellom dei unge sine interesser og kulturarvar. Teateret vil vere ein plattform for framtidige kunstnarar. Lærarar i 2016 var Kai Johnsen, Bjørn Sundquist, Morten Espeland, Sarah Camille, Mette Karlsvik, Camara Joof, Liv Hege Skagestad, Ranveig Thon Bjørnestad, Morten Olaussen, Anders Nordhammer, Greg Riddell, Marius Nøkleberg, Mara Trana. Dei unge har øvingar kvar veke og seminar. Alt arbeidet fører til mindre framvisingar eller større produksjonar. DMS vann saman med Det Norske Teatret Norsk publikums sin publikumspris for 2016 og er vurdert at det danske kulturfondet som ei inspirasjonskjelde for dansk barneteater. DMS haustar stor suksess med framsyninga Pavlovs tispe (Joof/Johnsen) som i 2016/2017 spelast for 40 000 ungdom i Noreg og Norden. DMS er eigd av Bondeungdomslaget i Oslo, Det Norske Teatret og Noregs Ungdomslag og har sin hovudscene i Nynorskens hus.

Mozart4.jpg

NYNORSKENS HUS


nynorskens hus

NYNORSKENS HUS


nynorskens hus

NYNORSKENS HUS

Nynorskens hus blei opna i september 2014 og skal vere ein kulturarena i hovudstaden der ulike uttrykk møtast: teater, dans, musikk, språk, debatt, litteratur, handverk, design og forsking. Det skal vere ein arena for born, unge og vaksne, amatørar og profesjonelle. Det skal vere eit rom for å undersøke og formidle nynorsk kulturarv, skape nye uttrykk, bygge kunnskap og samhald. Huset skal vere ein aktør i utviklinga av Noreg, ein talarstol, ei scene for ulike stemmer. To av hovudsatsingane i tida framover er Jon Fosse sine tekstar og kammermusikk i ulike format. Nynorskens hus skal gi fleire tilgang til nynorsk språk.

NYNORSKENS HUS, ROSENKRANTZ' GATE 8, 0159 OSLO


«Vi er svært glade for samarbeidet med
Engegårdkvartetten og at Mozart på 123 finn stad i
og vil prege Nynorskens hus hausten 2018»

 

tickets.jpg

BILLETTER og PRAKTISK INFO


billettar og praktisk info

 

BILLETTER og PRAKTISK INFO


billettar og praktisk info

 

Billettar blir lagt ut i sommar.
 

Kost og losji 

Hotell Bondeheimen tilbyr rabattert overnatting under Mozart på 123
Ta kontakt med Engegårdkvartetten for kodeord

Kaffistova held ope under heile minifestivalen og tilbyr Mozart-meny
Gjester på Hotell Bondeheimen og dei som har festivalpass får 20 % rabatt

I tillegg får dei som har festivalpass 10 % rabatt på varer hos Heimen Husfliden

Nynorskens hus, Hotell Bondeheimen, Kaffistova og Heimen husfliden er eit steinkast frå Stortinget t-banestasjon, midt i Oslo sentrum. 

Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo
 

kontakt.jpg

KONTAKT


KONTAKT

KONTAKT


KONTAKT

Sarah C Aker

Produsent – Engegårdkvartetten
Mobil: +47 92261724
E-post: sarah (at) engegardquartet.com

www.engegardkvartetten.no

 

Kunstnerisk ansvarlege: Arvid Engegård og Juliet Jopling

Mobil: +47 41507981 eller +47 94402534
E-post: arvid (at) engegard.com eller post (at) engegardquartet.com

Kunstnerisk rådgjevar: Liv hege skagestad

Mobil: +47 48099709
E-post: liv.hege.skagestad (at) bul.no


Interessante lenkjer:

https://bul.ticketco.no/

www.nynorskenshus.no

På 123 – Facebook

www.oslocamerata.no/
www.osloquartetseries.no
www.lofotenfestival.no

Websida er laga av www.blunderbuss.no

Foto Engegårdkvartetten: Espen Mortensen
Foto Nynorskens hus: Nynorskens hus

Følg Engegårdkvartetten på:

FACEBOOK

YOUTUBE

TWITTER

 

 

_MG_7677.jpg

MEIR INFO KJEM


MEIR INFO KJEM

MEIR INFO KJEM


MEIR INFO KJEM

Takk!